Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Den bortkomne Faderen. Lest av Torbjørn Eriksen

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 200 kr. Førehandssal på Vipps (Garborgsenteret #140789)
Her finn du arrangementet på Facebook
Arrangør: Garborgdagar

Den bortkomne Faderen (1899) er Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om dei store spørsmåla i livet. Boka blir lest i sin heilskap av skodespelar Torbjørn Eriksen. Han hadde hovudrolla i mellom anna Hamlet og Om Våren på Rogaland teater.

«Eg hadde levt som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var Faderen borte

Den aldrande Gunnar Hòve fører dagbok for å finna samanheng og meining i livet sitt. Det er vanskelegare enn han håpar på. Som ung skauv han garden frå seg og reiste til Amerika. No er han heimkomen, men heimen er seld og faren er borte.

Publikum får eit nært og gripande møte med eit menneske som prøver å finna rotfeste i ei tid der gamle sanningar er knuste av modernitetens nye tankar og vitskapar. Gunnar leitar etter Faderen, men finn heller seg sjølv i møtet med sin eigen bror.

Arne Garborgs Den bortkomne Faderen er språkmodernisert av Sigbjørn Reime. 

«Den burtkomne Faderen er for mig som en Kvintesents av alle Biblers Bibler. Den vil komme til at staa i Eftertiden, som de hellige Bøger, der er os opbevaret gjennem snart Aartusender.» 
Amalie Skram.

Garborgdagar 2019 er støtta av Norsk kulturfond / Kulturrådet.

Foto: Stine Rommetveit