Forfattarsamtale med Rune Salvesen

Forfattar Rune Salvesen snakkar om forfattarskapen sin med Ørjan Zazzera Johansen.

Forfattar Rune Salvesen (f. 1978) er oppvaksen i Stavanger og bur i Sandnes. Han debuterte med "Pur morgen" i 2005, som blei kåra til ein av årets beste romanar. Sidan har han skrive seks romanar til, der begge dei to siste, "Antifeministen" og "Bunkers", fekk mykje merksemd. I fjor gav han ut ein boksingel og i år kjem han med endå ein roman. Ørjan Zazzera Johansen snakkar med Salvesen om forfattarskapen så langt.

Arrangør: Garborgdagar