Utstillingsopning | Haugtussa: Eit skogsbad

Stad: Garborgsenteret
Pris: Gratis på opningsdagen, elles vanleg inngangsbillett
Arrangør: Garborgdagar og Norsk lydinstitutt

Framføring av Ketil Kinden Endresens nytolking av Edvard Griegs Haugtussa-songar.

Då Arne Garborg i 1895 gav ut diktsyklusen Haugtussa tok det berre ein månad før Edvard Grieg hadde laga melodiskisser til fleire av dikta. Tre år seinare publiserte han Opus 67 med åtte Haugtussa-songar, og det er framleis Griegs komposisjonar som er dei mest kjende tonesettingane til Haugtussa.

Til årets Garborgdagar har komponist Ketil Kinden Endresen laga ei nytolking av Opus 67. Han har tatt utgangspunkt i fleire eldre innspelingar av Griegs verk, tilgjengelege hos Norsk Lydinstitutt. Endresen jobbar hovudsakleg med elektronisk musikk, og nytolkinga av Griegs Haugtussa-songar er i sjangeren klassisk/elektronisk/ambient.

Verket blir presentert som ein lydinstallasjon i eit skogsrom med plantar, lyd og lys. Møtet med verket vil vera ei meditativ oppleving for alle sansar inspirert av den japanske filosofien Shinrin-yoku. Installasjonen er utvikla i samarbeid med Dionne Elizabeth som på opningsdagen vil halda ein gratis musikk- og bevegelses-workshop i rommet.

Komponist Ketil Kinden Endresen er tre gonger nominert til Spelemannpris. Dionne Elizabeth er forfattar, kreativitetscoach, yoga-/bevegelse-/meditasjonslærar og DJ.

Utstillinga held ope til kl. 15.00 opningsdagen. "Haugtussa: Eit skogsbad" vil stå til 1. mars 2020.

Takk til vår samarbeidspartnar Norsk lydinstitutt.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Foto: Andrew Coelho