Is nynorsk a better language?

Stad: Mellombels ølstove
Pris: 150 kr. KJØP BILLETT
Arrangementet på Facebook
Arrangør: Garborgdagar

Debatt om bokmål og nynorsk med Tore Renberg, Janne Stigen Drangsholt og Peter Strassegger. 

Tore Renberg er blitt tospråkleg. Under Kapittelfestivalen 2018 sette han i gang ein diskusjon om nynorskforakten i Rogaland, og viste til at nynorsk ligg nærmare dei rogalandske dialektane enn bokmål. Så kvifor skriv ikkje fleire rogalandsforfattarar på nynorsk? 

Sitat Renberg: «Eg skulle gjerne lika å høyra skriftspråk-historiene til bokmålsforfattarane frå Stavanger, Haugesund, Sandnes og Bryne, historiane til Johan Harstad og Kolbein Falkeid og Janne Stigen Drangsholt og Peter Franziskus Strassegger; eg er sikker på det er interessante perspektiv.»

Garborgdagar lar Renberg sitt ønske gå i oppfylling, og inviterer han, Janne Stigen Drangsholt og Peter Strassegger til debatt på Mellombels. Kvifor vel ein forfattar å skriva på det eine eller andre språket? Kva er det beste med nynorsken - og med bokmålet? Og kva er eigentleg så gale med å skriva bokmål? Kva er reaksjonane frå lesarane? Og korleis blir vilkåra for å skriva på norsk framover, når stadig fleire les stadig meir på engelsk? 

Ordstyrar er ingen ringare enn Tom Hetland, køyr debatt!

Garborgdagar 2019 er støtta av Norsk kulturfond / Kulturrådet.